Kortversjon av boda:
(Klikk på kvart enkelt bud for å lese heile teksten)
 

Kjære lesar:

1. Å vatne ut kulturomgrepet er ingen kunst
Det er god kulturpolitikk å halde fast ved eit kulturomgrep med utspring i kunsten. Den kloke politikaren arbeider for at det skal vere ein vekselverknad mellom kulturen og andre samfunnssektorar, men ikkje for at kulturen skal bli underlagt krav om førebygging og forretning.

2. Når kulturen sine hestar bitst, blir krubba verande tom
Vi ønskjer oss politikarar som ikkje held fram med å spele på ikkje naudsynte motsetningar i kulturlivet, men som stimulerer til samspel.

3. Om du vil i verda fram, hopp bukk!
Vi ønskjer oss skole- og kulturpolitikarar som har danninga av leikande, skapande og musiske menneske for auge.

4. Det er ikkje tull, alt som flimrar
Vår eiga forvirring overfor ny kunst må ikkje føre til ein kulturpolitikk som stengjer for nyskaping.

5. Kultur er både skaping og gjendikting
Ein naudsynt innsats for nyskaping må ikkje trengje bort den gjenskapinga og tradisjonsformidlinga som går føre seg til glede for både kunstnarar, utøvarar og publikum.

6. Generasjonar - samein dykk!
Innsatsen overfor born og unge må drivast parallelt med ei kulturpolitisk satsing på møtestader mellom aldersgruppene.

7. Å være seg sjølv er ikkje nok
Klok kulturpolitikk opererer både på langs og på tvers av kulturelle identitetar.

8. Tid er gode pengar
Vi ønskjer oss politikarar som ser skilnaden mellom kultur- og kontorarbeid, som veit at kvalitet tek tid, og som i all si verksemd har investeringa i tid for auge.

9. Naud lærer naken kunstnar å køyre trikk
Vi ønskjer oss politikarar som syter for at kulturlivet ikkje blir gjort avhengig av tombola og trygd. Målet må vere ei økonomisk opptrapping til eit nivå vi som kulturnasjon kan vedkjenne oss.

10. Den som ikkje unner ein annan lov, han skal sjølv ikkje nyte lov
Vi oppmodar til ei politisk avklaring av korleis rettane folk har til kultur kan sikrast i tider med pressa kommunal og fylkeskommunal økonomi.

Vi ynskjer oss:

 

Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
Last ned acrobat her (gratis)
Nyhende
Medieomtale
Til opningssida


Avsendarar:

• Danse- og teatersentrum
• Du store verden!
• FRISAM – Frivillighetens samarbeidsorgan
• Kulturforbundet
• Landsforbundet Teatrets Venner
• Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar
• Musikernes fellesorganisasjon
• Noregs Ungdomslag
• Norges museumsforbund
• Norsk Allaktivitetshus Forening
• Norsk Amatørteaterråd
• Norsk Bibliotekforening
• Norsk Kulturforum
• Norsk Kulturhusnettverk
• Norsk kulturskoleråd
• Norsk musikkråd
• Norsk Skuespillerforbund
• Norsk Teaterleder-Forum
• Norsk teater- og orkesterforening
• Norsk Teaterunion
• Norske Billedkunstnere
• Norske Kunstforeningers Landsforbund