Noreg, 23. mai 2001
Til lesaren.

Dei ti boda våre er ikkje henta ned frå fjellet på steintavler, og dei er ikkje dikta inn i bydeformer som Du skal og Du skal ikkje. Brevet med boda blir sendt til og frå menneske som brenn for kulturen: kunstnarar, politikarar, byråkratar og vanlege kulturinteresserte av ulike aldrar og åskodingar. Vi trur det er på tide att med eit kulturlyft. Mange kulturinstitusjonar som burde byggjast ut, manglar i staden ressursar, kunstnarar og organisasjonar slit for tungt, kulturtilboda er urettvist fordelte og ein lite kulturvenleg marknad har sterk vind i segla. At vi har råd til å lyfte oss i Noreg, er det ingen tvil om. Men først må det finnast politisk vilje, og ingen politikar vil gi store lyft eller løfte til eit kulturliv utan ein sams bodskap.

Det er gått meir enn eit halvt hundreår sidan ti kloke karar etter grundig tenking i fredsåret 1945 sende det vidgjetne brevet sitt til den norske regjeringa: "Vår kulturs fremtid". Her stilte dei ein både ottefull og treffande diagnose på samtida og foreskreiv ein kulturpolitisk kur som langt på veg vart sett i verk i dei tiåra som følgde. Ein sentral tanke var at kunst og kultur må forståast som offentlege gode. Opprettinga og utbygginga av riksinstitusjonane var ein særleg viktig ingrediens. No trengst det ein ny kur, ikkje mindre ambisiøs enn den førre, men diagnosen må delvis bli ein annan enn i 1945. Verda er blitt mindre, og mange kulturimpulsar går i dag snøggare frå verdsdel til verdsdel enn mellom norske landsdelar. Det norske samfunnet var for femti år sidan meir einsarta enn vi ønskjer oss det i dag, utdanningsnivået var langt lågare og tanken om kommunale kulturskolar var enno ikkje tenkt. Men den andelege fattigdomen som forfattarane av "kulturbrevet" skreiv om, blei ikkje utrydda gjennom mangedobla materiell velstand. Veksten i kulturindustrien har vore formidabel, men det same gjeld ikkje dei delane av kulturlivet som aldri vil bli direkte økonomisk lønsame, så som kulturhistoriske museum, bibliotek eller kunst- og kulturutdanningar. Den gamle og heilt sentrale kulturbastionen NRK vinglar mellom børs og katedral.

Er det dette vi vil? Vi lèt oss fortrylle av satelittborne impulsar vestafrå. Då Henrik Groth, Johan Borgen, Olav Midttun og deira medskrivarar postla kulturbrevet sitt, var det like før så vel "nailen"-strømpene som blåsarrekkjene i storbanda feide over Atlanteren for å tilfredsstille dei søtaste draumane til krigstrøtte nordmenn. Medan afrikansk og asiatisk film og litteratur framleis er "framandkulturelt", elskar vi stadig Amerika, sjølv om både Bjørneboe og Børretzen har prøvd å omtale denne kjærleiken i fortid. Kjærleiksforholdet har vore vitaliserande på mange område, men det kom til å inspirere til det dei fleste i dag ser som ei respektlaus nedbygging av kulturlandskap og bygging av stadlause stader – og seinare til ei såpifisering av stadig fleire fjernsynskanalar. Er det norske folket i 2001 budd på å la alle TV-filmar på alle kanalar stykkjast opp av reklame, ein praksis det store fleirtalet av oss for femten år sidan ville ha kalla valdtekt mot filmkunsten?

Samstundes som vi held døra vidopen for nordamerikansk kulturindustri, er vi kulturelle proteksjonistar: Etniske nordmenn si undertrykking av samar var langt frå over då "vi" fekk nye innbyggjarar å verne kulturen "vår" mot. Men kven er vi no? Vi er ikkje lenger berre dei kvite kvinnene og mennene i fabrikkane og gutta på Grini og skauen. Vi er både blitt fleire og annleis. I nærvere av den yngste delen av kongefamilien, 40 000 menneske med faklar og framfor eit mangedobbelt tal på TV-sjåarar, gjorde statsminister Stoltenberg 1. februar i år framlegg om "Noreg for alle" som den naturlege oppfølgjaren av tre kongar sitt valspråk "Alt for Noreg". Oppslutninga i den mangslungne forsamlinga gav god beskjed om kven vi er i ferd med å bli i 2001, vi som utgjer og må finne saman i det norske og internasjonale sam-funnet.

Tida etter 1945 bør langt frå berre skrivast som ei forfallshistorie. Både manns- og vaksendominansen er blitt mindre. Fasttømra dogme, staute identitetar og klare og attkjennelege kulturelle klassemotsetnader er langt på veg løyste opp. Skiljet mellom offentleg og privat er endra og det er kome til ei mengd nye arenaer og kulturelle ytringsformer.

Dei fleste menneska i den såkalla "moderniteten" opplever forvirring og må sjølve leite etter navigeringspunkt for ein samansett identitet. I det å skape, utøve og tileigne seg kunst og kultur ligg det stadig ein sjanse for mennesket til å finne seg sjølv og kvarandre. Derfor trengst det ein verkeleg kulturpolitikk og eit klokt kultur-ordskifte. Men kulturpolitisk ordskifte utartar ofte til klisjé-kos og krone-krangel med uklåre tankar bak. Vi har prøvd å ordne tankane våre gjennom ti bod for kulturen. Vi har valt ikkje å fremje konkrete krav. Alle vi som skriv under på brevet vil kunne leggje ved lange lister med slike, og vi står saman om det synet at både det private og offentlege Noreg er altfor gjerrig overfor kulturlivet sitt. I denne omgangen presenterer vi i staden ei rekkje spørsmål og utfordringar som vi meiner både kulturpolitikarane og aktørane i kulturlivet bør gripe fatt i når dei gjer seg klare til kulturlyftet.

til framsida til toppen

Last ned
ei pdf-fil av hele kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende
Medieomtale
Til framsida  
Til opningssida  

Ansvarlege utgjevarar:
FRISAM – Frivillighetens samarbeidsorgan
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner
Norges Museumsforbund
Norsk Bibliotekforening
Norsk Kulturforum
Norsk Musikkråd
Norsk teater- og orkesterforening

Redaktør:
Johan I. Tønnesson

Design: SYDVEST

Opplag: 5000

Finst óg på bokmål.
Kortversjonen finst i tillegg på samisk og engelsk på
www. kulturbrevet.no