I politisk debatt drøymer ein av og
til om at all kunst og kultur skal betale seg sjølv.
For teater og museum er dette praktisk mogeleg berre ei stutt
tid, for med ei så sterk mangedobling av billettprisar som
dette kravet inneber, vil dei fleste institusjonar måtte stengje,
i alle fall dersom publikum skal få tilbod om meir enn rein
underhaldning. I skaping og utøving av kunst vil kravet føre
til at berre det som beinveges kan seljast har livsens rett. Det
vil få katastrofale verknader for kunsten.
Må all kunst som ikkje kan seljast derfor ha offentleg stønad?
Den tida er over då kulturlivet automatisk oppfatta pengar
frå sponsorar som mindre edle enn dei frå kommune og
stat. Sponsorverksemd har likevel nokre ulemper: Avtalane varer
gjerne stuttare enn dei ein i praksis gjer med det offentlege og
dei premierer ofte "sikre" kunstnarar og kunstretningar.
Likevel helsar vi ein vekst i sponsorverksemda velkomen. Ein må
òg oppmuntre til å opprette og styrkje private fond
der avkastinga blir brukt til kulturføremål. Private
bør òg oppmuntrast mykje sterkare gjennom skatte-
og avgiftssystemet til å kjøpe kunst og gå inn
som mesenar. Privat sponsing og mesénverksemd uttrykker den
vedgåinga at kultur kostar pengar, ei vedgåing ein saknar
hjå mange.
Det er godt dokumentert gjennom fleire undersøkingar at
mange kunstnarar har svært låg inntekt, og ingenting
tyder på at fattigdomen styrkjer skaparkrafta. Somme prøver
å leve på trygd, medan andre må velje heilt andre
yrke, ofte etter å ha gått gjennom ei kostbar kunstutdanning.
Den sterke interessa frå massemediene for nokre handfullar
forfattarar og målarar med store salstall og høg kjendisfaktor,
er med på å tilsløre desse tilhøva. Samstundes
kan ein, langt inn i kulturlivet, høyre påstandar om
at velferdskrav for kunstnarar var noko som høyrde 1970-talet
til. "No må kunstnarane," seier ein, "i staden
selje seg sjølve eller tene pengar på annan måte."
Då slike meiningar var blitt politisk stovereine, blei det
for nokre år sidan mogeleg å avskaffe det kunstfagstipendet
som hadde gjort at mange unge talent utan solid foreldreøkonomi
kunne våge ei kunstutdanning. Og med slike vrangførestellingar
i omlaup om dei faktiske sjansane for fleirtalet av kunstnarane,
har det òg vore mogeleg å late stipend og garantiinntekter
stå i stampe.
For fleire kunstartar er det likevel ikkje berre stipend som trengst,
men oppdrag i privat og offentleg miljø: utsmykking, konsertar,
tingingsverk og framsyningar. Både offentlege og private institusjonar
bør dessutan kjøpe inn langt fleire av arbeida til
kunstnarane. Slike kulturløyvingar kjem snøgt oss
alle til gode.
At "naud lærer naken kvinne å spinne" synest
òg ofte å vere ein vanleg tankegang mellom dei som
avgjer rammevilkåra for dei friviljuge kulturorganisasjonane.
Resultatet blir at profesjonelle instruktørar må arbeide
tilnærma gratis, medan medlemmene og familiane deira må
bruke fritida til kakelotteri. Mykje verdfull verksemd blir kvelt
av pengenaud.
Vi ønskjer oss politikarar som syter for at kulturlivet
ikkje blir gjort avhengig av tombola og trygd. Målet må
vere ei økonomisk opptrapping til eit nivå vi som kulturnasjon
kan vedkjenne oss.
|