I dyrkinga av kunst og kultur er stoppeklokka ein særs lite tenleg reiskap.
Det den profesjonelle kunstnaren treng, er oftast tid: til å skape, til å tenkje - og for den utøvande: til å øve og prøve. Men det gjeld òg for den ikkje-profesjonelle og for publikum. I heile den industrialiserte verda høyrest no spede rop frå folk som ønskjer å "få tida attende". Samstundes akselererer arbeidslivet i tempo og eser i omfang. Både seks- og åttetimarsdagen blir ein fjern draum for den ambisiøse. Ein stadig auka produksjon per tidseining er det tverrpolitiske målet på alle samfunnsområde: helsevesen, skolevesen, rettsvesen, transport og industri. Finst det nokon veg ut av tidsspiralen? Løysinga kan vere, slik verdas historikarar syntest å vere samde om då dei møttest i Oslo ved milleniumskiftet, å venje seg til på same tid å leve med ei langsam ("austleg", sirkulær) og ei snøgg ("vestleg", lineær) tid. "Etter strævet kann du steikja flesk og lesa kinesiske vers," skreiv Olav H. Hauge.

Kinesiske eller hardangerske vers tileignar vi oss ikkje i forbifarten. Både for politikarane og aktørane i kulturlivet er freistinga stor til å oversjå behovet for den langsame tida, samstundes som det kanskje nettopp er kunsten som kan hjelpe slik tid attende. For å leve opp til krava om resultat som kan målast, pålegg vi kvarandre stadig større bører av søknader, plandokument, framdrifts-, del-, slutt- og evalueringsrapportar. Og sjølvsagt må det gjerast ei viss mengd plan- og rapporteringsarbeid i foreiningar og museum òg, og mellom kunstnarar. Dette paradokset - at vi bruker stadig meir tid på papirarbeid som skal prove at vi får mykje ut av tida - er ikkje noko særmerke for kulturlivet. Men det rammar truleg kreativ verksemd særleg hardt.

Vi ønskjer oss politikarar som ser skilnaden mellom kultur- og kontorarbeid, som veit at kvalitet tek tid, og som i all si verksemd har investeringa i tid for auge.

til framsida til toppen forige bod neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida