"Store kunstnarar har ikkje noko fedreland," erklærte ein fransk forfattar midt i den store tida for nasjonsbygging.
Den norske kulturen som vi likevel vil vere sams om, er ikkje nokon fastfrosen leivning frå norsk vikingtid og høgmellomalder, men ein blandingskultur i stadig utveksling med omverda, slik kulturen i Norvegr òg var det for tusen år sidan. "Den sams kulturen" er fleirkulturell og han er i stadig endring. I Noreg er framleis utvikling av norsk skriftspråk svært viktig. Dei små språka er under press, og ein offensiv norsk kulturpolitikk som arbeider for ytringsfridom og mangfald må ha vårt eige språk som grunnleggjande plattform. Men språk er ikkje noko statisk. Både norsk tale- og skriftspråk blir endra i ei globaliseringstid og når folk av ulikt etnisk opphav skal skape eit samfunn saman. Språkpolitikken må vere open for dette.

Programmet for eit norsk-nasjonalt tonespråk, biletspråk eller ei norsk-nasjonal dikting høyrer derimot tidlegare hundreår til. Den tanken som kom fram i glanstida til Det Nye Noreg om ubrotne norske tradisjonar upåverka av kulturimpulsar utanfrå, har alltid vore falsk. Men han er framleis levande og er med på å skape grobotn for ein hovmodig nasjonalisme som kan føre til rasisme.

Kulturaktivitet styrkjer den sams identiteten mellom dei som er saman om han. Det gjeld så vel i nasjonen som i veneforeninga til Gjenreisingsmuseet i Hammerfest eller mellom opprørarar i Unge kunstneres samfund. Slik identitet blir eit tvieggja sverd: Han gir på den eine sida tryggleik og dermed noko sams å vise fram utetter. Men han kan òg stengje omverda ute og hindre naudsynt utveksling.

Klok kulturpolitikk opererer både på langs og på tvers av kulturelle identitetar.

til framsida til toppen forige bod neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida