Når ungdom verkeleg får eller tek ansvar for å organisere si eiga kulturverksemd, hender det ofte store ting både med dei sjølve og omgivnadene.
Derfor er det viktig å stø opp om ungdommen sine eigne initiativ - både i og utanfor organisasjonane.

Det er òg mange gode argument for satsinga på kulturformidling til born i det siste tiåret: Den estetiske sansen vår blir utvikla sterkt i starten av livet, skolen har langt på veg feila i den musiske danninga og det kommersielle presset mot folk under 13 år aukar jamt. Kulturskolar, eit stadig tettare samarbeid mellom skole og kunstnarar og pakking av kulturelle skolesekkar er viktige nyvinningar frå dei siste åra.

Men ein bør ikkje slå ut vaksne med barnevatnet. I ei tid der alderssegregeringa er komen svært langt, må ein følgje opp innsatsen både overfor born og ungdom med ei kulturpolitisk premiering av møtestader mellom aldersgruppene. At born og vaksne har mykje å lære kvarandre er noko mange av oss oppdagar gjennom gledesfylt aktivitet i songkor, teatergrupper og leikarringar. Men desse læringsprosessane har vore lite synlege i norsk kulturpolitikk.

Ein reindyrka kulturinnsats overfor born og unge kan leie merksemda bort frå at vaksne si livslange læring ikkje berre må gjelde økonomi-, leiings- og datakompetanse. Interesserte vaksne må òg få høve til å lære og erkjenne annan kultur enn den som blir formidla gjennom det ustoppelege underhaldningstilbodet til fjernsynet. Slik blir dei òg betre oppdragarar og samarbeidspartnarar for born og ungdom.

Innsatsen overfor born og unge må drivast parallelt med ei kulturpolitisk satsing på møtestader mellom aldersgruppene

til framsida til toppen forige bod neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida