Like lite som vi kan forlange at all kunst skal vere kjend og kjær ved det første møtet, like lite kan vi krevje at alt skal vere radikalt nytt.
Innanfor mange kunstartar og innanfor arkitekturen kjem det frå tid til anna fram "nyvenlige" retningar der kunstnarane grip attende til eldre stilartar. Det kan tolkast som populistisk og kunstfiendtleg aktivitet, men det kan like vel oppfattast som uttrykk for genuin, kunstnarisk trong til å få kontakt med fortida og gjendikte det gamle. "Kreativitet" er utan tvil ein positiv eigenskap hjå alle kulturaktørar, det vere seg koreografen, kriminalforfattaren eller gatesongaren. Men det er ikkje berre nyskaping som skal fremjast gjennom kulturpolitikken.

Det finst heller ingen absolutt motsetnad mellom nyskaping og tradisjonsformidling. All kulturverksemd er òg overlevering: Vi byggjer på uttrykk som allereie er kjende og legg vår eiga røyst til. Det uttrykket som berre er eit brot, og som derfor ikkje ber spora frå gårdagen, finst ikkje. Det vil innebere total ikkje-kommunikasjon.

Ein naudsynt innsats for nyskaping må ikkje trengje bort den gjenskapinga og tradisjonsformidlinga som går føre seg til glede for både kunstnarar, utøvarar og publikum.

til framsida til toppen forige bod neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida