Dei fleste av oss vel helst det kjende framfor det ukjende.
I alle høve skal ikkje delen av ny "informasjon" i kunstverk vere særleg høg før vi snur oss i vreide og bryt ut: "pling-plong", "barneteikningar" og "tull". Og det er ikkje gull, alt som glimrar med etiketten "det nye". Men på same måte som i vitskapen skjer det ei stadig og tiltakande fornying i kunsten. Medan kubismen til Picasso og Braque tek til å bli allemannseige snautt hundre år etter at det vart til, framstår mykje av dagens video- og dataflimrande kunst som rein nonsens for mange. "Konseptkunsten" bryt grensene ned vidare, både mellom kunstartane og mellom kunsten og livet elles: Eit nyare kunstverk som fann stad i Berlin, går ut på at kunstnaren arbeidde som butikkekspeditør. Kommunikasjonen med kundane var "kunstverket".

Ein viktig tommelfingerregel for alle som vil vurdere kulturytringar er å unngå å samanlikne kvalitet mellom sjangrane. Å hevde at Jan Garbarek er ein betre artist enn Johnny Cash, gir lita meining når spelereglane i jazz og country så openbert er ulike. Innanfor kvar einskild sjanger krevst det dessutan gode kunnskapar og mykje røynsle for å kunne felle allment interessante dommar om kva som er godt og dermed over kva som eventuelt fortener privat eller offentleg finansiell støtte. Overfor det nyaste er dei aller fleste av oss ekstra dårleg rusta: Vi ristar på hovudet, og kan ofte få stønad til hovudristinga frå ekspertar, som finst blant kunstnarane òg. Samstundes ønskjer vi alle, når vi får tenkt oss om, at nye og i augneblinken uforståelege uttrykk òg skal få ein sjanse.

Det trengst oftast solid kunnskap for å kunne vurdere den nye kunsten. Aktørane i kulturlivet må finne måtar å velje ut og prioritere kunst på som tener utviklinga av kunsten. Samstundes skal dei syte for utbreiinga av kunsten. Desse to omsyna strir ofte mot kvarandre, men båe tel i ein ansvarleg kulturpolitikk. Ansvaret gjeld òg utviklinga av ein kompetent, offentleg kulturkritikk på alle område av kulturlivet, også kunstsjangrar som er uvante fordi dei er forankra i etniske grupper som er relativt nye i Noreg.

Vår eiga forvirring overfor ny kunst må ikkje føre til ein kulturpolitikk som stengjer for nyskaping.

til framsida til toppen forige bod neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida