For å hoppe bukk, trengst det plass, to kroppar og litt leikenskap. "All kunst er leik. Når ein kunstnar sluttar å leike, kan han ikkje skape kunst," har poeten Kolbein Falkeid sagt. Og her er det ikkje tale om "berre leik": Diktaren bruker ordet slik kloke psykologar gjer når dei talar om kor viktig og alvorleg leiken er, for born og vaksne i samspel og læring.

Homo ludens - det leikande mennesket - er om lag det same som det vidgjetne musiske mennesket til musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvold. Det leikande og musiske er ein dimensjon ved oss alle som omfattar mykje meir enn leik og musikk i bokstaveleg meining. Ofte blir det musiske knebla gjennom pedagogisk, kommersielt og politisk press, utan omsyn til dei talenta vi måtte ha. Ei slik knebling går dagleg føre seg midt inne i kulturlivet: Når musikkskolelæraren reduserer musiseringa til teknikk, når suksessen til ein forfattar bli målt etter salstala i staden for etter kva som står skrive eller når biletkunstnarar eller komponistar blir tvinga til, i ord og tal, å gi detaljerte skildringar av dei planlagde prosjekta sine - idear som oftast ligg der dei førebels skal liggje: i det blå.

Ein både vanleg og ofte rettvis samfunnskritikk er at den vekta vi legg vekt på det leikne/uforpliktande og det grensesprengjande/amoralske i dot.com-alderen verkar samfunnsnedbrytande. Etter vår meining treng likevel ikkje leik å vere uforpliktande, og det er ofte ei moralsk handling å sprengje grenser. Å "hoppe bukk" skal ikkje tyde å hoppe bukk over tradisjon og moral, men å leike seg fram midt i alvoret.

Éi av oppgåvene til skolen er å leggje eit grunnlag for dei elevane som seinare skal bli profesjonelle kunstnarar. Men samstundes må kvar einskild elev sjåast på som "kunstnar" frå den første skoledagen: I den generelle læreplanen for skolen er utdanning og danning av "det skapande mennesket" ein sentral visjon. Altfor ofte må denne visjonen vike plassen for "det tapande mennesket", som rett nok både kan vere vinnar og tapar i konkurransen om å reprodusere fakta og ferdigtygde oppfatningar, men som - med eller utan vakkert vitnemål - kjem vengeklipt ut i vaksenlivet.

Vi ønskjer oss skole- og kulturpolitikarar som har danninga av leikande, skapande og musiske menneske for auge.

til framsida til toppen forige bod neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida