Lesedrama for ni - anno 2001:
"Det kulturpolitiske rådslaget"
Desse er med: Kulturministeren, Hovudstadsvenen, Utkantvenen, Riksteater-konsert-utstillingsvenen, Fylkeskommunevenen, Institusjonskunstvenen, Frigruppevenen, Amatørvenen, og Finansministeren. (Kunstnarane sitt fellesorgan Noregs Kunstnarråd nedla seg sjølv i år 2000 og deltek derfor ikkje.)

Kulturministeren: Regjeringa er snart på veg til budsjettkonferanse på Halvorsbøle. Eg har samla dykk her i dag for å hente inn idear til ei styrking av kulturpolitikken. Hjarteleg velkomne.
Hovudstadsvenen: Mange takk, vyrde statsråd. I Noreg har "hovudstad" altfor lenge vore eit skjellsord, og hovudstaden er blitt deretter. Tida er inne for ei kraftig satsing på dei nasjonale kulturinstitusjonane i staden for ei klatting ut på dei tusen nesa som i dag.
Utkantvenen: Med all vyrdnad både for Oslofilharmonien og Nationaltheatret, vyrde minister, så er det - ærleg tala - distrikta sin tur denne gongen. Oslo fløymer over av kulturtilbod, medan vi der ute berre får knappar og glansbilete.
Riksteater-konsert-utstillingsvenen: Vi skal hugse på at nasjonale kulturinstitusjonar kan finnast over heile landet på same tid. Dei tre R-ane, og fleire med dei, dekkjer faktisk gjennom den daglege turné- og formidlingsverksemda si heile det norske folket.
Fylkeskommunevenen: Problemet er at R-ane tenkjer gammaldags, ovanfrå-og-ned. Det er berre vi i fylka som både har kompetansen og veit kvar skoen trykkjer. Vi treng fylkeskvotar av alle statlege ytingar til kunst og kultur!
Utkantvenen (replikk): Tru det. Korkje fylket eller R-ane ser i nåde til oss der lengst nede og ute.
Frigruppevenen: Det vi må kome bort frå, er ein gammaldags, fastlåst institusjonstankegang. Her er korkje venene våre frå distrikta eller fylkeskommunane eit hår betre enn dei utsende frå hovudstaden. Fornyinga i kulturlivet oppstår ikkje i institusjonane. Dessutan: Det er vi som verkeleg når det store publikumet!
Institusjonskunstvenen: Frie grupper er vel og bra. Men dei færraste orkar eit langt liv i ei fri gruppe - dersom ho då ikkje er blitt institusjon etter nokre år.
Amatørvenen: De snakkar om å nå dei mange. Veit de kor mange som såg norske amatørteaterframsyningar i år 2000?
Kulturministeren: Nei, men det var nok svært, svært mange, og det er det all grunn til å gle seg over. De gjer alle ein formidabel innsats og eg takkar for alle synspunkta eg har fått med i arbeidet mitt for ei styrkt kultursatsing.
Finansministeren (i øyret til regjeringskollegaen): Dette gjekk jo greitt denne gongen òg. Men forresten, kvar var desse masete kunstnarane i år?

Etter eit slikt rådslag spring den smarte kulturpolitikaren opp på éin eller to av desse "hestane", til dømes Distriktshesten og Institusjonshesten, og erklærer at ei tid framover vil desse hestane bli gitt eit forsprang. Medan krubba altså blir verande tom.

Eit kulturlyft må tvert imot innebere initiativ til at nasjon, hovudstad og distrikt kan byggje noko opp i fellesskap: Når ein til dømes byggjer ein nasjonal opera, må ein på same tid og i same tanke meisle ut ein opera- og musikkteaterpolitikk som femner om heile landet. Og både for opera og alle andre kunstartar er det utilstrekkeleg å tenkje innanfor grensene til nasjonen. Mange impulsar blir henta inn utanfrå og mykje norsk kunst blir formidla ut, men heller ikkje denne verksemda er prega av heilskapleg tenking og samarbeid. Ved presentasjon av norsk kultur i utlandet blir noregsreklamen ofte overordna omsynet til kunsten.

Amatørar og profesjonelle må òg tenkjast inn i ein sams kulturpolitikk: Vi veit at inga god amatørverksemd får eit langt liv utan impulsar frå profesjonelle og at naudsynte impulsar går båe vegane. Skapande og utøvande amatørverksemd har ein eigenverdi for dei mange, men styrkjer òg kvalitetsmedvitet hjå publikum og rekrutterer kunstnarar.

Fornying kjem ofte frå uavhengige ensemble og frilansarar, men eit heilt kulturliv kan aldri drivast på prosjektløyvingar og korttidskontrakter åleine. Og for at institusjonane skal kunne fornye seg og såleis kunstnarisk kunne gjere det uventa, må dei ha ei trygg, venta finansiering.

Vi ønskjer oss politikarar som ikkje held fram med å spele på ikkje naudsynte motsetningar i kulturlivet, men som stimulerer til samspel.

til framsida til toppen forige bod neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida