Kultur er truleg det minst lovregulerte samfunnsområdet vårt.
Og sjølvsagt blir ikkje kunst og kulturaktivitet skapt gjennom paragrafar. Men på same måte som biblioteklova og kulturminnelova lenge har spela ei viktig rolle i politikk og forvaltning, bør ein langt grundigare enn til no drøfte om tida er inne både for ei museumslov og ei lov om kommunal og fylkeskommunal kulturverksemd.

Dei siste tiåra har det vore ei gledeleg, men ujamn utbygging av kulturlivet over heile landet. Føremålet med ei kulturlov vil vere klassisk velferdspolitisk: Ho skal kunne hindre ei altfor urimeleg forskjellshandsaming av innbyggjarane i landet. At slik forskjellshandsaming finst i dag, er godt dokumentert. Sjølvsagt vil og skal det vere store skilnader i kva kulturlivet er sett saman av og kva folk er særleg opptekne av. Slik variasjon er med på å gjere den einskilde staden til noko anna enn nabostaden. Ei lov skal derfor ikkje oppmuntre til å forveksle likeverd med "likskap".

Då ei slik lov blei diskutert på 1990-talet, vedgjekk styresmaktene ei tverrpolitisk semje om at noko måtte gjerast med urettvisa, men gjekk inn for å gjennomføre andre tiltak i staden for lov. Det blei satsa på ei klårare ansvarsfordeling mellom dei ulike institusjonane i kulturlivet i landet og det blei sendt ut velmeinte appellar om ikkje å late kulturen gå for lut og kaldt vatn i kommunane. Desse tiltaka har i liten grad hjelpt mot forskjellshandsaminga, og kravet om ei lov høyrest på ny frå store delar av kulturlivet.

Kulturlovteksten treng ikkje vere lang, og han bør ikkje gi kommunar og fylkeskommunar tilvisingar om korleis dei skal organisere kulturverksemda si. Men ei lov kan påleggje dei eit ansvar. Til dette ansvaret kan det knytast eit minstemål av systematisk planlegging. Slik kan lova gi eit bidrag til meir langsiktig tenking, slik at kulturpolitisk utvikling ikkje går føre seg gjennom spreidde ad hoc-tiltak.

Ei lov gir ingen garanti for ein sterk kulturpolitikk på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, og høvet til sanksjonar frå lovgivaren si side vil være små. Men lova kan bere bod om at Stortinget, sjølv utanom taler ved festlege høve og i uforpliktande dokument, legg vekt på retten folk har til kulturopplevingar.

Målt etter kva dei har å seie for menneske og samfunn, er kulturpolitikk mellom dei viktigaste politikkområda. Samstundes er dette området nesten lovlaust.
á Utan å ta standpunkt til korleis kulturlovgivinga skal styrkjast, oppmodar vi til ei politisk avklaring av korleis rettane folk har til kultur kan sikrast i tider med pressa kommunal og fylkeskommunal økonomi.

til framsida til toppen forige bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida