Ordet "kultur" har ei rekkje tydingar.
Det skulle vere nok å nemne uttrykk som "den europeiske kulturkrinsen", "bedriftskultur" og "kulturskilnader" for å syne at vi aldri vil kunne bli samde om éi tyding for alle høve. Men i dei ti boda våre bruker vi "kunst og kultur"-tydinga: Kjernen i det vi vel å kalle "kultur" er kunst. I kulturpolitikken fann norske politikarar på 1970-talet det praktisk gjennom det "utvida kulturomgrepet" å inkludere sport og idrett. Dette trur vi er blitt upraktisk i 2001, ikkje fordi idrett er mindre verdig, men fordi det er noko anna. Når vi no vil presisere kulturpolitikkomgrepet, inneber det ikkje at berre visse kulturuttrykk (til dømes den såkalla "finkulturen") skal stå att. Amatørkultur og mange visuelle, musikalske, dramatiske og litterære kulturuttrykk som ikkje høver inn i eit snevert kunstomgrep, må tenkjast inn i kulturpolitikken: Korkje folkemusikk, grafitti eller internett-heimesider må avvisast som "ikkjekultur" eller "ukultur". 1990-talet si utviding av kulturomgrepet til arkitektur og design tek vi òg med: Det hjelper lite for den kulturelle voksteren til borna å ha speletime éin gong i veka dersom undervisningsrom, skolegard og heimveg er tankelaust utforma og vanskjøtta. Det auka medvitet om "estetikk i offentleg rom" har òg bana vegen for ei allmenn forståing av estetikk som sansane si erkjenning like mykje som den meir eksklusive "læra om det fagre".

Når kjernen i kulturen er kunst, vil det seie at det vi kan kalle kunsten sin etos - altså "forretningsideen" - må vere styrande for kulturpolitikaren. Kunstfilosofane vil neppe bli samde om nøyaktig kva som er kunsten sin etos. Men her er nokre "ikkje"-stikkord som vi har kunna samle oss om: Kunsten og dei ytringane som spring ut av han i teater, museum, husflidslag og rockeband er ikkje:
· underlagt fornufta åleine. (Dersom eit godt maleri fullt ut kunne omsetjast til fornuftig verbalspråk, ville det vore overflødig.)
· eintydig målbar. (Det gir dårleg meining å vurdere ein komposisjon etter talet på notar eller etter ein fast karakterskala.)
· beinveges nyttig. (Stor kunst blir neppe skapt med det føremålet å lækje pasientar eller auke nasjonalproduktet, sjølv om han kan få slike verknader.)
· reint kopierande. ("It don't mean a thing if it ain't got that swing.")
Dette tyder ikkje at kunst berre er kjensler eller at kulturen ikkje kan leggje vekt på verdiar som er overordna på andre samfunnsområde. Men i ein kulturpolitisk debatt må ikkje slike "ytre" omsyn få spele hovudrolla.

I den siste kulturmeldinga - Kultur i tiden (St.meld. nr. 61 1991/92) - stod det mykje vesentleg om at kultur skal vere "sektorovergripande". Nettopp arkitektur og design, som stod så sentralt i denne meldinga, skaper bruer over til andre samfunnssektorar med deira verdiar. Både design og kunst kan dessutan tene ei rekkje verdifulle politiske føremål - frå helse til samkjensle. Men kultur vil alltid tape for såpeopera og lykkepiller dersom han skal underleggjast forretningsideen til marknaden og medisinen. Det sektorovergripande må ikkje få bli eit overgrep frå den eine sektoren mot den andre.

Talarane i kulturlivet kan lett avfeiast som snobbete, elitistiske og isolasjonistiske når dei insisterer på at kultur er noko anna. Men legg merke til at dei ikkje seier at kultur er betre. Visst treng vi òg eit lønsamt næringsliv og medisinar som førebyggjer og lækjer.

Det er god kulturpolitikk å halde fast ved eit kulturomgrep med utspring i kunsten. Den kloke politikaren arbeider for at det skal vere ein vekselverknad mellom kulturen og andre samfunnssektorar, men ikkje for at kulturen skal bli underlagt krav om førebygging og forretning.

til framsida til toppen neste bod
Last ned
ei pdf-fil av heile kulturbrevet her.
For å lese pdf-filer treng du "acrobat-reader" som kan lastast gratis ned her
Nyhende  
Medieomtale  
Til framsida  
Til opningssida