Nyheter
 

23.05.01

Flytt øvinga til Rådhuset!

For å synleggjere noko av den lokale kulturen som foregår over heile landet i ulike former, har Noregs Ungdomslag tatt initiativ til "Aksjon Lokalkultur - Kultur i Sentrum" i veke 35; 27. august til 2. september. Da ber vi alle lokale lag flytte øvingar og møte til rådhuset i kommunen.

Den lokale kulturaktiviteten utgjer ein viktig ressurs for landet. Det handlar om at vi skal få leve ut interessene våre og gjere noko aktivt i lag med andre menneske der vi bur. Under valkampen vil vi setje fokus på den ressursen vi utgjer for landet, og vise at aktiviteten vi driv er viktig for at vi skal trivast akkurat der vi er.

Vi arrangerer Aksjon Lokalkultur - Kultur i Sentrum i innspurten av valkampen for å:
- markere styrken i lokalkultur og frivillig og ideelt kulturarbeid i Noreg!
- syne samanhengen mellom frivillig arbeid, gode nærmiljø og levande lokaldemokrati i frivilligheitsåret
- setje fokus på behov for gode øvingslokale og framføringsarenaer for musikk, teater, dans m.m. og det rettmessige kravet om statstilskott på line med lokale idrettsanlegg i kommunane
- syne verdien i nært samspel mellom frivillig og offentleg kulturverksemd
- syne behovet for ein koordinerande statleg innstans som ser heile det frivillige kulturfeltet under eitt
- få fram at frivillig kulturarbeid og lokalkultur treng frie, ubundne inntekter, t.d. overskotta frå pengespel.


Aksjonen er eit samarbeid mellom
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU),
Norsk Amatørteaterråd (NAT),
Norsk Musikkråd (NMR),
Norsk Kulturforum (NOKU) og
Nettverket Du store verden

etter initiativ frå

Noregs Ungdomslag (NU)

Kontaktpersoner:
Johan Einar Bjerkem tel 92 84 05 53, Noregs Ungdomslag,
Lene Furuli, tel 23 31 06 03 Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisajoner,
Øivind Stålsett, tel 22 42 45 50, Norsk musikkråd,
Gro Langeland, tel 22 83 64 78, Norsk kulturforum,
Eli Borchgrevink , tel 22 99 10 00, Du store verden,
Olaf Grimstad , tel 23 00 21 30, Norsk Amatørteaterr%aring;d.

til fremsiden til toppen
Last ned
en pdf-fil av hele kulturskriftet her.
For å lese pdf-filer behøver du "acrobat-reader" som kan lastes gratis ned her
Nyheter  
Medieomtale  
Til fremsiden  


Til åpningssiden