Nyheter
 

23.05.01

Lovnad om kulturløft

Kulturminsiteren lovar satsing på kultur fram mot sjølvstendejubileet i 2005. "Kultursatsinga skal vere synleg i statsbudsjettet for neste år", sa Ellen Horn då ho mottok Kulturbrevet 2001 "Ti bod for kulturen" i dag, onsdag 23. mai.

Kulturministeren fekk overrekt brevet i forkant av at Festspela i Bergen vart opna. Jan Erik Raanes, som har leia arbeidsgruppa for kulturbrevet, ser positivt på lovnadene om ei slik satsing.

– Statsråden viste stor glede over at kulturorganisasjonane har kunna samle seg om eit felles kulturelt bodskap. Både kulturministeren og fungerande leiar for familie- , kultur- og administrasjonskomiteen på Stortinget Ågot Valle, uttrykte behov for eit felles kulturløft, seier Jan Erik Raanes. Han tek, på vegner av alle avsendarane, med glede i mot invitasjonen til samarbeid.

- Vi lovar å ikkje gløyme dei sterke forpliktingane og løftene Ellen Horn gav i dag. Men samstundes som vi skal stille krav til styresmaktene og politikarane, har organisasjonane sjølve og eit ansvar for å følgje opp bodskapen i kulturbrevet. Det skal vi, avsluttar Raanes, og ser fram til vidare kulturdebatt.


Statsråden sin tale kjem på odin fredag 25. mai.

For kommentarar frå avsendarorganisasjonane ta kontakt med ein av organisasjonane direkte.

Her er representantane som har sete i arbeidsgruppa:
Norsk kulturforum; Jan Erik Raanes, 91382219, Gro Langeland, 22836478, Kjell Austin, 99239342
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisajoner; Lene Furuli, 23310603,
Norsk teater- og orkesterforening, Morten Gjelten, 22941240,
Norsk bibliotekforening, Tore Andersen, 22688550,
Norsk musikkråd, Øivind Stålsett, 22424550 -
Frisam, Bjørn Tore Østerås, 22248543 - bjorn-
Norges museumsforbund, Tron Wigeland Nilsen, 90124970
Redaktør: Johan Tønnesson

til fremsiden til toppen
Last ned
en pdf-fil av hele kulturskriftet her.
For å lese pdf-filer behøver du "acrobat-reader" som kan lastes gratis ned her
Nyheter  
Medieomtale  
Til fremsiden  


Til åpningssiden